31. mars 2006

banning og annan styggheit

Beretning henta frå nettet. Stakkars idiot.

Banning er ein uting Dei fleste av oss synest det stygt å høyre på. Likevel så bannar me. Salvelsefullt og inderleg.Det er delte meiningar om korleis banninga oppstod, men mest truleg var det vel ved oppføringa av Babels tårn.Det var visst nokre entreprenørar som vart ugreidde om konstruksjonen.Bannorda den gongen skal ha vore lange, og bestod berre av konsonantar. Det står ingentingom det i Bibelen. Naturleg nok.

Hit til landet kom vel banninga for ca tusen år sia. Før var det mest hedningar her ,og dei banna ikkje.Det er mange måtar å banne på. Svenskane bannar saftigt, danskane litt ugreitt og tøvint, og finnane ,der har eg berre høyrt eit bannord, perkele, og det høyrdest O.K.ut. Me nordmenn prøver å legge oss tett opp til svensk banning , men svenskane er nok framleis dei beste. Det mest brukte bannordet her ilandet er nok fan. Må ikkje forvekslast med f.eks. Elvis fan og rockefans. Fan, eller faen blir oftest assosiert med djevelen. Djevelen har svart hår , horn og hestehov og regjerar i helvete, som ligg langt under jorda.Dei som er så uheldige å koma dit skal bli rista over skjersilden, under ''skrik og tenders gnidsel'' Ei slags etterkremering. Djevelen blir også kalla gamleErik og har ei oldemor som dei kallar fandens oldemor. Ho skal vera like gammal som Mehtusalem.Alt dette er sjølvsagt berre tull. Det er ikkje noko helvete under jorda, og heller ingen djevel.Er det noko helvete så må det vel vera over jorda, slik som naturkatastrofer og eindel ekteskap.

Det er forskjellig slags banning etter kvar du bur i landet. Nordlendingane skal vera glupe til å banna. Det spørst om dei kanskje har fått det frå Russland,dei får jo så mykje annan styggedom derfrå, slik som sprit og vakre kvinnfolk. Mot betaling. På sørlandet blir det banna fint lite. Helst litt småbanning inni seg, som ingen høyrer.
På Toten og flatbygdene brukar dei utrykk som: Kors i dagen, kors i jøsse nam. os.v. Då er det vel ikkje djevelen dei assosierar med. Valdresane bannar aldri om dei ikkje treng det, og det er ikkje ofte.Derimot har dei eit utrykk dei brukar titt og ofte, særleg vist dei blir sinte på nå nokon. Sug me i føe seier dei. Ein slags invitasjon.

Banning er både kjønns og yrkesbetona. Karar seier faen,fanken, farken,farsken, (sørtrøndelag) hunden og devern.Kvinnone seier berre pokkern,søren, eller søren klype, iallfall vist dei blir klypt i rumpa.Søren skal liksom vera litt finar. Banning light. Men om ein tenkjer søren og seier fan, eller om ein tenkjer fan og seier søren, kjem vel på eitt ut. Det er ''tanken som teller'' her og. Lærarar bannar ikkje, iallfall ikje så nokon høyrer det,Likvel lærer ungane å bann.

Prestar bannar nok heller ikkje , men eg høyrde ei gong om ein prest som fekk ein som var med han, til å banne for seg. Då var det sikkert påkreva. Og som før sagt, banning er ofte yrkesretta. Snikkarar seier f... spikre, skytebasar deggern dundre og jegerar hunden rugge.Alle desse orda som kjem etter sjølv bannordet er yrkesretta, slik som koke ,salte , skjera, osv. Eindel brukar berre etterordet, bergenserar seier gjerne ''steike'' og afrikanerane seier ''svarte' Handverkarar bannar ein del.Og det er slettes ikkje noko rart. Tenk på når dei slår seg på fingrane,dett ned frå stegen eller gardintrappa,eller at kjerringa har gløymt å sende med nistepakka.Dette kan by på ein del problem ved reparasjonar og innreiingsarbeid i kyrkjor. For etter som det blir sagt, så er det å banne i kyrkja den mest utilgjevelige styggheit som finns. Men det går an å banne i kyrkja sjølv om ein ikkje er der..På fotballbanen blir det banna ,og serleg på tribunone,så derfrå kjem utrykket fotballfan, eller fans. Banning er ikkje synd, det er berre ein stygg uvane. Men Noreg er eit litebannande land. Me treng det ikkje for me har det så godt,kanskje for godt. Og det er bra....

siste nytt



Foto: Aleksander Jacobsen